23 Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.
24 Pilatus dømde då at det skulle vera som dei kravde.
25 Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville.
26 Så førte dei han bort. På vegen tok dei fatt på ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne; og dei la krossen på han for at han skulle bera han etter Jesus.
27 Ein stor folkehop fylgde med; mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han.
28 Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.
29 For det kjem dagar då folk skal seia: Lukkelege er dei barnlause, dei kvinner som ikkje føder og ikkje gjev bryst!