47 Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»
48 Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.
49 Men alle venene og kjenningane hans stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde fylgt han frå Galilea.
50 Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann
51 og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og var ein av dei som venta på at Guds rike skulle koma.
52 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.
53 Og han tok han ned, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.