5 Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si; han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»
6 Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,
7 og då han fekk vita at han høyrde under Herodes, sende han Jesus til han; for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.
8 Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge hatt hug å møta han. No gjorde han seg von om å få sjå Jesus gjera eit teikn.
9 Han spurde han om mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord.
10 Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke klagemål mot han.
11 Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus.