10 Han såg rundt på dei alle og sa til mannen: «Rett ut handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.
11 Då vart dei så harme at dei var reint ifrå seg, og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.
12 I dei dagane hende det at han gjekk opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.
13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.
14 Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,
15 Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,
16 Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.