13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.
14 Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,
15 Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,
16 Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.
17 Så gjekk han ned att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon.
18 Dei var komne og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg gode att.
19 Og alt folket prøvde å få ta i han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.