17 Så gjekk han ned att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon.
18 Dei var komne og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg gode att.
19 Og alt folket prøvde å få ta i han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.
20 Då såg han opp, feste augo på læresveinane og sa:Sæle de fattige!Guds rike er dykkar.
21 Sæle de som no svelt!De skal mettast.Sæle de som no græt!De skal le.
22 Sæle er de når folk hatar dykk,når dei støyter dykk ut ¬og spottar dykkog skyr namnet dykkar ¬som noko vondt –for Menneskesonen skuld!
23 Gled dykk då og hoppa av fryd,for stor er løna dykkar ¬i himmelen.Det same gjorde fedrane deira ¬med profetane.