24 Men ve dykk rike,de har alt fått dykkar trøyst.
25 Ve dykk som no er mette,de skal svelta.Ve dykk som no ler,de skal syrgja og gråta.
26 Ve dykk når alle talar vel ¬om dykk.For det same ¬gjorde fedrane deiramed dei falske profetane.
27 Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,
28 velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk.
29 Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller.
30 Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att.