26 Ve dykk når alle talar vel ¬om dykk.For det same ¬gjorde fedrane deiramed dei falske profetane.
27 Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,
28 velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk.
29 Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller.
30 Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att.
31 Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.
32 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Jamvel syndarane elskar når nokon elskar dei.