35 Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born åt Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
36 Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.
37 Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.
38 Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.
39 Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta?
40 Ein læregut står ikkje over meisteren, men når han er utlært, vert han lik meisteren sin.
41 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?