37 Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.
38 Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.
39 Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta?
40 Ein læregut står ikkje over meisteren, men når han er utlært, vert han lik meisteren sin.
41 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?
42 Og korleis kan du seia til bror din: «Bror, lat meg ta flisa ut or auga ditt,» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga. Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
43 Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt.