41 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?
42 Og korleis kan du seia til bror din: «Bror, lat meg ta flisa ut or auga ditt,» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga. Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
43 Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt.
44 Treet kjenner ein på frukta. Ein plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.
45 Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjarta, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjarta er fullt av, det talar munnen.
46 Kvifor kallar de meg: Herre, Herre! og gjer ikkje det eg seier?
47 Eg skal syna dykk kven han er lik, kvar den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer etter dei: