45 Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjarta, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjarta er fullt av, det talar munnen.
46 Kvifor kallar de meg: Herre, Herre! og gjer ikkje det eg seier?
47 Eg skal syna dykk kven han er lik, kvar den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer etter dei:
48 Han er lik ein mann som ville byggja eit hus, og grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, og straumen braut mot huset, kunne han ikkje rikka det, av di det var godt bygt.
49 Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.