1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, de er sanneleg ¬noko til karar!Med dykk døyr nok ¬visdomen ut.
3 Men eg òg har vit,eg er ikkje ringare mann enn de.Kven kjenner ikkje til slikt?
4 Eg er til lått for mine vener,eg som ropa til Gud ¬og fekk svar,eg som er rettvis og ærleg.
5 «Bry deg ikkje om ulukka!»tenkjer dei som er trygge.«Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.»
6 Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred;trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreideog trur dei har Gud i si hand.
7 Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg,himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap.
8 Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg,fisken i havet ¬har noko å fortelja.
9 Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette,at Gud har skapt det ¬med si kraft?
10 Han har kvar levande sjel ¬i si handog rår over ånda ¬i kvar manns kropp.
11 Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde,liksom ganen smakar på maten?
12 Er det berre dei gamle ¬som har visdom,berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?
13 Hjå Gud er visdom og velde,han legg planar med vit.
14 Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp;når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.
15 Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort,han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.
16 Hjå han er styrke og klokskap;han rår over den som fer vilt,og over den som fører vilt.
17 Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort,og domarar gjer han til dårar.
18 Han løyser kongars lekkjerog bind hoftekledet om dei.
19 Han fører prestar ¬berrføtte bortog feller mektige menn.
20 Han tek mælet ¬frå pålitelege folkog dømekrafta frå dei eldste.
21 Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstarog løyser beltet på sterke menn.
22 Han avslører det ¬som er løynt i mørkret,og det ¬som er stummande mørkt,fører han fram i ljoset.
23 Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei,lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort.
24 Han tek vitet ¬frå landsens hovdingarog fører dei vilt i veglaus audn.
25 Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje,han lèt dei raga ¬som drukne menn.