1 Kvifor har ikkje ¬Den Allmektigesett av tider til dom?Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han,sjå at hans dagar kjem?
2 Dei gudlause ¬flytter merkesteinar,dei røvar sauer ¬og sender dei på beite.
3 Esla åt farlause driv dei bort,og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.
4 Fattige tvingar dei ut av vegen,dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.
5 Som villesel i øydemarkagår dei til arbeids.På aude moar ¬leitar dei etter mat;der må dei finna føde til borna.
6 Dei haustar fôr på markaog sankar den frukt som er leivdi vingarden åt dei vonde.
7 Halvnakne ligg dei ute ¬om natta,utan klede eller teppe i kulden.
8 På fjellet vert dei våte av regn;fordi dei ikkje har livd,trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.
9 Somme riv farlause born ¬frå brystetog tek pant av dei hjelpelause.
10 Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede,svoltne må dei bera kornband.
11 Mellom murane pressar dei olje,tyrste trakkar dei vinpressa.
12 Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske,og dei som er såra, ¬skrik om hjelp.Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn.
13 Andre gjer opprør mot ljoset.Dei kjenner ikkje ljosets vegar,held seg ikkje på ljosets stigar.
14 Før dagen renn, ¬står drapsmannen oppog slår i hel ein fattig stakkar.Om natta er tjuven på ferde.
15 Horkaren ventar på skumringa.Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,»og så løyner han andletet.
16 I mørkret gjer tjuvane innbrot;dei stengjer seg inne om dagen,for dei vil ikkje vita av ljoset.
17 Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon,dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.
18 Men brått vert dei borte ¬som på vatnet.Forbanna er deira lut i landet,ingen tek vegen til vingardane.
19 Turk og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker ¬den som syndar.
20 Mor hans gløymer han,makken godtgjer seg med han,og ingen minnest han meir.Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.
21 Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born,og gjorde ikkje vel mot enkjer.
22 Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft;når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv.
23 Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte,men augo hans ¬vaktar deira ferd.
24 Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt;dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre,som mogne aks ¬vert dei avskorne.
25 Er det ikkje så?Kan nokon seia at eg lygog gjera mitt ord om inkje?