1 Mi livskraft er slokna,mi tid er ute,eg har berre grava i vente.
2 Sanneleg, eg møter spott,mine augo er trøytte ¬av deira motstand.
3 Lat ein annan gå god for meg ¬hjå deg!Kven skulle elles gje meg ¬sitt handtak?
4 Du har stengt deira hjarta ¬for skjøn,difor lèt du dei ikkje triumfera.
5 Ein mann fortel sine venerkorleis eigedomen hans ¬skal delast;men sønene hans ¬får sløve augo.
6 Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk,eg er ein mann ¬som dei spyttar på.
7 Augo mine er sløve av sorg,mine lemer kverv ¬som ein skugge.
8 Rettferdige folk støkk til ¬av slikt,den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus.
9 Men den rettferdige ¬held fast på si ferd,og den som har reine hender,får endå større kraft.
10 Men de, kom att alle saman!Eg finn ingen vismann ¬mellom dykk.
11 Mi tid er ute, ¬mine planar er knuste,alle dei ynske eg hadde.
12 Mine vener gjer natta ¬til dagog seier at ljoset ¬er nærare enn mørkret.
13 Er det von for meg?Dødsriket er min bustad,i mørkret reier eg mi lege.
14 Eg ropar til grava: ¬«Du er min far!»og til krypet i jorda: ¬«Mi mor og syster!»
15 Kvar finst vel det ¬som eg kan venta på?Er det nokon ¬som øygnar von for meg?
16 Går vona til dødsriket ¬saman med meg,sig vi ned i støvet på same tid?