1 Elihu heldt fram og sa:
2 Ha tol med meg ei lita stund,så skal eg læra deg noko;for eg har endå meir å seia ¬om Gud.
3 Langt bortanfrå ¬vil eg henta min kunnskapog syna at min skapar har rett.
4 Det er sanneleg ikkje lygn, ¬det eg seier;det er ein kunnskapsrik mann ¬du har for deg.
5 Sjå, Gud er sterk og mektig,men han vrakar ikkje ¬dei fromme.
6 Dei gudlause held han ikkje ¬i live,men han lèt dei hjelpelause ¬få sin rett.
7 Han tek ikkje augo ¬frå dei rettferdige,men lèt dei for alltid ¬sitja med æresaman med kongar ¬på sine troner.
8 Vert dei bundne med lekkjerog fanga i tynande snarer,
9 så er det fordi han vil minna deiom all den synd ¬dei har gjort i sitt hovmod.
10 Han opnar øyra deira ¬for åtvaringog byd dei venda om ¬frå det vonde.
11 Om dei då høyrer og tener han,får dei leva i lukke ¬alle sine dagar,i herlegdom og glede ¬alle sine år.
12 Men vil dei ikkje høyra,skal dei gjennomborast av spydog missa livet i si vitløyse.
13 Støtt er dei gudlause harmeog ropar ikkje til Gud om hjelpnår han har bunde dei.
14 Dei døyr i sin ungdom ¬og endar sitt livlik menn som driv tempelutukt.
15 Han bergar armingar ¬i deira naud,gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra.
16 Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle,til open mark ¬der ingenting tyngjer.Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter.
17 Du skal fullføra domen ¬over vonde menn,lov og rett skal råka dei.
18 Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spotteller store løysepengar ¬føra deg på avveg!
19 Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsleom du så brukar all di makt?
20 Du skal ikkje lengta ¬etter den nattadå folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad.
21 Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap,så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.
22 Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?
23 Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja?Kven kan seia at han gjer urett?
24 Kom i hug at du skal prisa ¬hans gjerningar,som menneska syng om.
25 Alle menneske ser dei ¬med glede,endå dei berre skimtar dei ¬langt borte.
26 Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje,ingen kan granska ¬hans tallause år.
27 Han dreg vassdropar opp til segog lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet.
28 Det renn og dryp frå skyenened over mange menneske.
29 Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv,og korleis det dyn ¬under hans telt?
30 Sjå, han breier ljos ikring seg.Han gøymer havsens djup.
31 Med regnet kan han straffa folk,og med det ¬kan han gje dei mat i mengd.
32 Han sveiper hendene i ljosog lèt lynet fara mot sitt mål.
33 Tora fortel at han er i kjømda,jamvel feet varslar ¬at han dreg fram.