1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2 Gud har velde og valdar redsle,han skaper fred ¬i sin høge himmel.
3 Kan nokon telja hans fylkingar?Får ikkje alle sitt ljos frå han?
4 Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud,kan den som er fødd ¬av ei kvinne, vera rein?
5 Jamvel månen ¬skin ikkje klårt nok for han,i hans augo ¬er ikkje stjernene reine.
6 Kor mykje mindre då ¬menneskekrypet,mannen – den makken han er?