1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, eg veit at det er som de seier:Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud?
3 Vil det føra sak mot han,kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen.
4 Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke.Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det?
5 Han flytter fjell ¬før nokon veit av det,han velter dei i sin vreide.
6 Han rister jorda ut av lage,så søylene hennar skjelv.
7 Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina,og set segl for stjernene.
8 Åleine spente han himmelen utog skrid fram ¬over havsens bylgjer.
9 Han skapte Løva og Orion,Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen.
10 Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska,og under som ingen kan telja.
11 Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje;når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.
12 Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd?Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»
13 Gud held ikkje att sin vreide,jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.
14 Korleis skulle eg kunna svaraog velja mine ord ¬når eg talar med han?
15 Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett,men laut nok be min domar ¬om nåde.
16 Og gav han meg svar ¬når eg ropa,kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg.
17 Han ville knusa meg i stormenog utan grunn gje meg ¬mange sår.
18 Han lét meg ikkje dra pusten,men fylte meg med liding.
19 Er det tale om styrke, ¬så har han den,og om rett, kan han seia: ¬«Kven stemner meg?»
20 Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig,og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg.
21 Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet,eg bryr meg ikkje om å leva.
22 Det kan vera det same! ¬Difor seier eg:Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge.
23 Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død,så spottar hannår ein skuldlaus misser motet.
24 Jorda er gjeven ¬i nidingars hand,Gud stengjer synet ¬for dei som styrer.Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då?
25 Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa,dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.
26 Dei fer sin veg som sevbåtar,som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.
27 Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg,eg vil skifta mine og vera glad,»
28 då gruar eg for alle mine plager,eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.
29 Må eg stå der skuldig,kvifor strevar eg då til fåfengs?
30 Om eg vaska meg i snøvatnog gjorde hendene reine i lut,
31 straks ville du dukka meg ¬i ei grøft,så kleda mine stygdest ved meg.
32 Han er då ikkje ein mann ¬som eg,så eg kan gje han svarog gå for retten saman med han.
33 Det er ingen skilsdomarsom kan leggja handa ¬på oss beggeog avgjera saka mellom oss.
34 Å, om Gud tok bort riset,så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!
35 Då skulle eg tala utan å reddast;for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.