1 Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:
2 Mine tankar gjev meg svar ¬på dette,difor er eg så oppøst.
3 Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord,men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.
4 Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid,heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:
5 Dei gudlause jublar ¬ei lita stund,ein augneblink varer ¬nidingens glede.
6 Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt,og hans hovud reiser seg ¬mot sky,
7 så går han for alltid ¬til grunne som skit;dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»
8 Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir,han kverv som eit syn om natta.
9 Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger,han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.
10 Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp;og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.
11 Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft,men no må ho fylgja ¬med han i støvet.
12 Det vonde smakar søtt ¬i hans munn,han gøymer det under tunga.
13 Han sparer på det ¬og slepper det ikkje,men held det fast mot ganen.
14 Likevel vert maten omskapt ¬i hans mageog vert til ormeeiter i hans liv.
15 Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp,Gud driv det ut or hans buk.
16 Ormeeiter må han suga i seg,hoggormen drep han ¬med si tunge.
17 Aldri får han sjå at det rennbekker med honning ¬og elvar med mjølk.
18 Han må gje att ¬det han har vunne,og får ikkje nyta godt av det;han har inga glede ¬av den rikdom han vann.
19 For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja,han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.
20 Men inni seg fekk han aldri ro,med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.
21 Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst,difor skal hans velstand ¬ikkje vara.
22 Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod,ulukka råkar han ¬med all si makt.
23 For at han skal få nok,sender Gud imot han ¬sin brennande vreideog lèt undergang regna på han.
24 Rømer han for jernvåpen,skal ein bronseboge ¬gjennombora han.
25 Han dreg pila ut or ryggenog blanke odden or galleblæra;då vert han gripen av redsle.
26 Berre mørker har han i vente.Han skal øydast av ein eldsom ingen blæs på.Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna,skal det gå ille.
27 Himmelen openberrar ¬hans skuld,og jorda reiser seg mot han.
28 Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad,ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.
29 Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud,det er den arv han har etla dei.