1 No ler dei åt meg,dei som er yngre av år ¬enn eg.Deira fedrar akta eg så liteat eg ikkje sette deimellom mine gjætarhundar.
2 Har dei slik styrke i hendeneat dei kan vera til hjelp for meg?Dei har då mist ¬si manndomskraft.
3 Uttærte av naud og svoltgår dei og gneg på turre moarsom alt i går ¬var aude og snaue.
4 Under buskane ¬plukkar dei melde,dei et røter av gyvelbusken.
5 Utstøytte er dei ¬frå samfunn med menneske,folk ropar etter dei ¬som etter ein tjuv.
6 Dei må halda til i ville kløfterog bu i holer i jord og berg.
7 Dei skrik mellom buskaneog klyngjer seg saman ¬mellom høge tistlar,
8 utskot og ærelause folk,som er drivne frå landet.
9 No syng dei spotteviser ¬om meg,eg har vorte eit utnemne for dei.
10 Dei styggjest ved meg ¬og held seg borte,dei blygjest ikkje ¬ved å spytta på meg.
11 Gud har gjort min bogestreng ¬slakk,han har audmykt meg;difor tøymer dei seg ikkjenår dei møter meg.
12 Deira avkom har reist seg ¬på høgre sidaog spenner føtene under meg,dei banar seg veg ¬og vil skada meg.
13 Dei bryt opp mine stigarog gjer det dei kan ¬for å tyna meg,endå ingen hjelper dei.
14 Dei kjem ¬som gjennom ei vid rivne,mellom ruinar velt dei fram.
15 Redsler har kome over meg,mi ære vert bortsopt ¬som av vinden,mi hjelp kverv som ei sky.
16 No er mi livskraft borte,vonde dagar må eg smaka.
17 Om natta vert mine bein ¬gjennombora,og min verk stilnar ikkje.
18 Gud tek tak i min klednad ¬med kraftog snører han om meg ¬som ein skjortekrage.
19 Han har støytt meg ned i søla,eg har vorte ¬som mold og oske.
20 Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje;eg står der, ¬og du berre ser på meg.
21 Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg,du strider mot meg ¬med veldig hand.
22 Du lyfter meg opp i stormen,eg fer av stad og går til grunnemedan stormen rasar.
23 Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket,til staden ¬der alle levande samlast.
24 Men retter ikkje mennesket ¬ut si handnår allting sig i røys?Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka?
25 Eg gret då over dei ¬som hadde tunge dagar,og viste medkjensle ¬med dei fattige.
26 Eg vona på lukke, ¬men ulukka kom,eg venta på ljos, ¬men det vart mørker.
27 Det brusar i meg, ¬eg får ikkje ro;ulukkedagar har møtt meg.
28 Eg går og syrgjer, ¬det er ikkje sol;eg reiser meg i samlinga ¬og ropar om hjelp.
29 No er eg ein bror av sjakalar,med strutsar held eg lag.
30 Skinnet på min kropp er svart,og beina brenn av hete.
31 Mitt lyrespel lyder ¬som syrgjesongarog fløytetonen ¬som gråt og klage.