Job 3 N78NN

Job klagar si naud

1 Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin.

2 Han tok til ords og sa:

3 Bort med den dagen ¬då eg vart fødd,den natta då det vart sagt:«Ein gut er avla.»

4 Gjev den dagen ¬vart stummande mørk!Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter hanog ljosstrålar aldri skein på han.

5 Gjev kolmørker kravde han,gjev skyer la seg over hanog solmørking skræmde han.

6 Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta,så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagarog ikkje kom med ¬i månadstalet.

7 Ja, gjev den natta ¬vart utan fruktog aldri vart helsa med jubel.

8 Lat dei lysa forbanning ¬over henne,dei som manar fram ¬ulukkedagar,og som kan eggja opp Leviatan.

9 Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast,lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem,lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar!

10 For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for megog løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn.

11 Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd,kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda?

12 Kvifor tok dei meg på fangetog la meg til brystet ¬så eg fekk mat?

13 No kunne eg ha lege stillog sove i fred og ro

14 saman med kongar ¬og styresmennsom bygde seg slott ¬der det no er ruinar,

15 eller med stormenn ¬som åtte gull,og fylte husa sine med sølv.

16 Eller eg hadde ikkje vore til,som eit nedgrave foster,lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.

17 Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir,der kviler dei ¬som har mist si kraft.

18 Alle fangar kan ta det med ro,dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.

19 Der er små og store like,og trælen er fri frå herren sin.

20 Kvi gjev han ljos ¬til den som lid,kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?

21 Dei ventar fåfengt på dødenog søkjer han med større iverenn ein grev ¬etter løynde skattar.

22 Dei ville gleda seg og jubla,ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.

23 Dei er folk som ingen utveg ser,Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.

24 Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød,mine klagerop strøymer ¬som vatn.

25 Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg,no hender det eg grua for.

26 Eg får ikkje fred, ¬ikkje ro og kvile,det kjem berre nye plager.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42