Job 22 N78NN

Forlik deg med Gud!

1 Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2 Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud?Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.

3 Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd,har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?

4 Er det di gudsfrykt ¬han refser deg fornår han fører klagemål ¬mot deg?

5 Er ikkje din vondskap storog dine misgjerningar ¬utan ende?

6 Du panta brørne dine ¬utan grunn,drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.

7 Den trøytte gav du ikkje vatn,den svoltne lét du ikkje få brød.

8 Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt,og berre storfolk skal bu der!

9 Du sende enkjer ¬tomhendte bortog nekta å hjelpa farlause born.

10 Difor er snarer sette ikring deg,brått vert du gripen av redsle.

11 Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå,ein vassflaum skyl over deg.

12 Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen?Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!

13 Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud?Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?

14 Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjåder han vandrar ¬utmed himmelranda.»

15 Vil du fylgja den gamle stigensom ugjerningsmenn ¬har trakka?

16 Dei vart rivne bort før tida,flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.

17 Dei sa til Gud: «Gå frå oss!Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»

18 Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting;nidingars råd var langt ifrå han.

19 Dei rettferdige ¬ser det med glede,og dei skuldlause spottar dei:

20 «Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre,resten av dei har elden øydt.»

21 Forlik deg no med han ¬og hald fred,så skal lukka venda tilbake ¬til deg.

22 Ta imot rettleiing ¬frå hans munn,og legg deg hans ord på hjarta.

23 Vender du om ¬til Den Allmektige,skal du atter reisast opp.Held du urett borte frå ditt telt,

24 og kastar du gullet ditt i støvet,ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,

25 skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg,ja, som det finaste sølv.

26 Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige,og lyfta andletet til Gud.

27 Når du bed til han, ¬vil han høyra deg,og du skal gjera det du har lova.

28 Det du set deg føre, ¬skal lukkast,og ljos skal skina på dine vegar.

29 Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig,men frelser dei ¬som slår augo ned.

30 Han bergar den ¬som er fri for skuld;har du reine hender, ¬vert du berga.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42