Job 14 N78NN

Du har sett ei grense for mennesket

1 Mennesket, ¬født av ei kvinne,lever kort og fyllest av uro.

2 Det skyt opp som blomen ¬– og visnar,det fer bort som skuggen ¬og står seg ikkje.

3 Men du held vake auga ¬med mannenog stemner han for din domstol.

4 Kan det koma ein rein ¬av ein urein?Nei, ikkje ein.

5 Er mannens levetid fastsett,har du avgjort hans månadstal,har du sett ei grense for han,som han ikkje kjem utom,

6 så lat han få vera i fredmedan han gleder seg ¬over sin arbeidsdag.

7 For eit tre er det von.Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att;det vantar ikkje renningar.

8 Om røtene i jorda eldest,og stuven morknar i molda,

9 så veks det opp att ¬ved eimen av vatnog set skot som eit nyplanta tre.

10 Men når mannen døyr, ¬er det ute med han,går mennesket bort, ¬kvar finst det då?

11 Som vatnet renn ut or sjøen,som elva minkar og turkar ut,

12 såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp;han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til;ingen vekkjer han or svevnen.

13 Gjev du ville gøyma megog halda meg løynd i dødsrikettil vreiden din går over!Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for megog så atter koma meg i hug!

14 Kunne ein som er død, få liv,då ville eg halda ut i stridentil det kom avløysing for meg.

15 Då skulle du ropa på meg ¬og få svar,du skulle lengta ¬etter din skapning.

16 Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek,og ikkje akta på mi synd.

17 Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung,og du har sett stengsle ¬for mi skuld.

18 Men fjell kan falla ¬og smuldra bort,og berg kan rykkjast av lage.

19 Som vatn holar ut stein,og ausregn skyl moldjord ¬bort,såleis gjer du ende ¬på mannens von.

20 Du vinn over han for alltid,og han må gå sin veg;du sender han bort ¬med skamfare andlet.

21 Kjem hans søner til ære, ¬veit han det ikkje;går det nedover med dei, ¬merkar han det ikkje.

22 Han har nok ¬med verken i sin kroppog med si eiga sjelenaud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42