1 Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2 Gjev eg hadde det ¬som i farne dagar,då Gud verna om meg,
3 då hans lampe lyste ¬over mitt hovud,og eg gjekk gjennom mørkret ¬i hans ljos,
4 som eg hadde det då eg var ung,då Guds venskap kvilte ¬over mitt telt,
5 då Den Allmektige ¬endå var med meg,og eg hadde mine søner ¬ikring meg,
6 då eg kunne lauga mine føter ¬i mjølk,og bekker av olje rann ned ¬frå berget.
7 Når eg gjekk ut til byportenog tok sete på torget,
8 då drog dei unge seg tilbakeså snart dei fekk auga på meg,og dei gamle reiste seg og stod.
9 Hovdingar heldt opp med å talaog la handa på sin munn.
10 Stormenn tagna,tunga deira hang fast ¬ved ganen.
11 Alle som høyrde om meg,prisa meg sæl,og kvar den som såg meg,gav meg lovord.
12 Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp,den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.
13 Forkomne menneske ¬velsigna meg,eg gjorde enkjer jublande glade.
14 Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad,rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.
15 Augo var eg for dei blindeog føter for dei halte.
16 Eg var ein far for dei fattigeog granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.
17 Eg knuste kjaken på nidingarog reiv rovet ut or gapet på dei.
18 Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir,mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.
19 Til mine røter ¬skal vatn finna veg,og dogg skal falla ¬på mine greiner.
20 Støtt skal mi ære fornyast ¬for megog bogen få ny kraft ¬i mi hand.»
21 Folk høyrde på meg, dei ventaog var stille når eg gav råd.
22 Og når eg hadde tala,tok ingen ordet;min tale draup ned over dei.
23 Dei venta på mine ord ¬som på regn,dei opna munnen ¬som for vårregn.
24 Var dei motlause, ¬smilte eg til dei;stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull.
25 Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og tronasom ein konge ¬mellom sine stridsmenn,lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer.