1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, i dag må eg klaga sårt.Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar.
3 Å, visste eg berrekorleis eg kunne finna hanog koma fram ¬for hans kongsstol.
4 Då la eg fram for han mi sakog fylte min munn ¬med gode grunnar.
5 Då fekk eg vita ¬kva han ville svara,og skjøna ¬kva han ville seia meg.
6 Ville han strida mot meg ¬med si store makt?Å nei, han ville nok høyra ¬på meg.
7 Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med hanog berga min rett for alltid.
8 Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der,og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje.
9 Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer,snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han.
10 Han kjenner den vegen eg går;som gull ¬skulle eg stå hans prøve.
11 Eg fylgde støtt i hans fotefarog heldt meg trufast ¬på hans veg.
12 Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav,men gøymde hans ord ¬i min barm.
13 Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han?Det han har hug til, ¬det gjer han.
14 Han fullfører det ¬han har fastsett for meg,og mykje slikt har han i tankar.
15 Difor gruar eg for å møta han;når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva.
16 Gud har gjort meg motlaus,Den Allmektige ¬har skræmt meg.
17 Men mørkret ¬har ikkje tynt meg,endå det skumrar ikring meg.