1 No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett.
2 Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud.
3 Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett.
4 Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.
5 Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm.
6 Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, ¬og de er gamle.Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake,eg våga ikkje å seia mi meining.
7 Eg tenkte: «Lat alderen talaog dei mange år ¬forkynna visdom!»
8 Men det er ånda i mennesketog anden frå Den Allmektigesom gjev det skjøn.
9 Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.
10 Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.
11 Eg har venta på ¬at de skulle tala,og lydt etter vituge ord,medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.
12 Eg gav nøye akt på dykk;men ingen har vist ¬at Job tek feil,ingen har svara på hans ord.
13 Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han.Berre Gud ¬og ikkje noko menneskekan vinna over han.»
14 Han har ikkje retta sin tale ¬til meg,eg vil ikkje svara han så som de.
15 Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir,orda sviktar dei heilt.
16 Skal eg venta når dei ikkje talar,når dei står der ¬og ikkje kan svara?
17 Eg òg har noko på hjarta,eg òg vil seia mi meining.
18 For eg er full av ord,ånda i mi bringe driv meg.
19 Mi bringe er lik innestengd vin,lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna.
20 No må eg tala, så eg kan få luft,eg vil opna lippene ¬og ta til ords.
21 Eg gjer ikkje skil,vil ikkje smigra eit menneske;
22 for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger.Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort.