1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2 Kor lenge vil du tala såog la orda rasa som eit uver?
3 Trur du Gud kan rengja retten,at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt?
4 Har borna dine synda mot han,så har han gjeve dei ¬deira brot i vald.
5 Gjev du ville venda deg til Gudog be Den Allmektige om nåde!
6 Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg,vil han vaka over deg,atter reisa din bustad ¬og gje deg rett.
7 Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde,mot det store du sidan skal få.
8 Berre spør dei framfarne ætter,gjev akt på det fedrane fann ut.
9 Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort,som ein skugge er våre dagar ¬på jorda.
10 Fedrane skal læra deg ¬og seia frå,tala til deg ut frå det dei veit.
11 Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt,trivst storren ¬der det ikkje finst vatn?
12 Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren,turkar han bort ¬før alt anna gras.
13 Så går det med alle ¬som gløymer Gud,vona kverv for den gudlause.
14 Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar,han set si lit til spindelvev.
15 Han stør seg til sitt eige hus,men det held ikkje;han klengjer seg til det,men det står ikkje støtt.
16 Han står som eit grønt tre i sola,greinene breier seg ut ¬over hagen.
17 Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys,hakar seg fast mellom steinane.
18 Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad,kjennest staden ikkje ved han:«Vi har ikkje sett deg.»
19 Sjå, såleis endar hans liv,og ein annan gror opp or molda.
20 Sjå, Gud vil aldri visa bortden som er heil i si ferd;men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa.
21 Han skal fylla din munn ¬med låttog leggja jubelrop ¬på dine lipper.
22 Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam,telta åt dei gudlause vert borte.