Job 41 N78NN

1 Ingen er vel så vågalat han torer ¬terga krokodillen.Kven kunne stå seg mot han?

2 – Kven gav meg noko fyrst,så eg laut gje han att?Alt under himmelen er mitt. –

3 Eg vil ikkje teia ¬om krokodillens lemer,kor sterke dei er, ¬og kor fint dei er bygde.

4 Kven kan få hol ¬på hans ytre hameller trengja igjennom ¬hans doble panser?

5 Kven torer opna gapet på han?Hans tenner vekkjer redsle.

6 På ryggen har han rader ¬av skjold,godt attlatne som med segl.

7 Tett ligg det eine ¬innåt det andre,ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei.

8 Skjolda heng fast i hop,dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast.

9 Når han nys, blinkar eit ljos,augo hans strålar ¬som morgonroden.

10 Logande eld fer ut or hans gap,det sprutar gneistar frå det.

11 Or naseborene kjem det røyksom frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12 Pusten hans set kol i brann,ein loge står ut or hans gap.

13 Stor styrke har han i nakken,og redsla hoppar føre han.

14 Valkane under halsen hans ¬er faste,dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15 Hjarta hans er fast som stein,som den nedste steinen i kverna.

16 Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17 Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje,og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

18 Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.

19 Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt,stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.

20 Ei klubbe ¬reknar han òg for halm,han berre ler ¬åt susande kastespyd.

21 Under buken ¬har han kvasse taggar,som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma.

22 Han set djupet i kok ¬som ei gryte,lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve.

23 Bak han går det ein lysande stig,det ser ut ¬som om djupet har sølvhår.

24 Hans make finst ikkje ¬her på jord,skapt som han er utan reddhug.

25 Alt som er høgt, ¬ser han i auga,han er ein konge ¬over alle stolte dyr.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42