Job 18 N78NN

Ljoset sloknar for den gudlause

1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2 Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord?Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved!

3 Kvifor skal vi reknast som fe?Trur de at vi er ureine?

4 Du som riv deg sund i vreide,skal jorda øydast for di skuldog fjellet flyttast frå sin stad?

5 Ljoset sloknar for den gudlause,det logar ingen eld på hans åre.

6 Ljoset i teltet hans går ut,og lampa sloknar for han.

7 Hans sterke steg vert hindra,han fell for sin eigen plan.

8 Hans føter vert fanga i garnet,og han går i nettet.

9 Snara grip han om hælen,rennelykkja held han fast.

10 Garnet han går i, ¬er løynt på jorda,snara ligg på hans veg.

11 Redsler skræmer på alle kantar,dei jagar han ¬kvar han set sin fot.

12 Ulukka hungrar etter han,undergang står ferdig ¬attmed han.

13 Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke,ein drepande sjukdom ¬et hans lemer.

14 Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt;du fører han bort ¬til redselskongen.

15 Andre kan bu ¬i det teltet han åtte,svovel vert strøytt ¬på hans bustad.

16 Nede i jorda turkar hans røter,og ovantil visnar hans greiner.

17 Hans minne kjem bort ¬frå landet,ingen nemner hans namn ¬på gata.

18 Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret,dei jagar han ut or verda.

19 Han har ikkje born,ingen etterkomar i sitt folk;der han budde, ¬slapp ingen unna.

20 Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad,og i aust vert dei gripne ¬av redsle.

21 Ja, så går det ¬med nidings bustad,med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42