1 Eg har gjort ein avtale ¬med augo mineat eg ikkje skal sjå på ei møy.
2 Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen,kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?
3 Ulukke kjem over den ¬som gjer urett,og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.
4 Ser ikkje Gud korleis eg ferdast,tel han ikkje alle mine steg?
5 Skulle eg ha fare med svikog vore snar på foten ¬til å lura folk?
6 Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt,så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.
7 Har eg bøygt av frå vegenog med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta,finst det flekker ¬på mine hender,
8 då kan ein annan få eta ¬det eg har sått,og grøda kan rivast opp ¬med rot.
9 Har eg late meg dåra ¬av kvinner,har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,
10 då skal kona mi ¬mala korn for ein annanog andre få bøya seg ¬ned over henne!
11 For det ville vera skamlaus ferd,ei misgjerning ¬som fører til straff,
12 ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen;han skulle øyda all mi avling.
13 Krenkte eg retten ¬når eg hadde sakmed min træl ¬eller mi trælkvinne,
14 kva skulle eg då gjeranår Gud stod opp til doms,kva skulle eg svaranår han granska mi sak?
15 Han som skapte meg i mors liv,har ikkje han skapt ¬den andre òg?Er det ikkje den same Gudsom har forma oss begge ¬i mors liv?
16 Har eg sagt nei til småkårsfolknår dei bar fram sine ynske,og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?
17 Har eg ete mitt brød åleine,så farlause ikkje ¬fekk smaka det?
18 Nei, som ein far ¬har eg fostra deiheilt frå min ungdom,og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.
19 Kunne eg sjåat nokon flakka ikring ¬utan klede,at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?
20 Måtte han ikkje velsigna megfordi han fekk verma hoftenemed ull frå lamma mine?
21 Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus,fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,
22 så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakkenog armen min gå or led!
23 For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud,kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.
24 Har eg sett mi von til gulleller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?
25 Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka,fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?
26 Når eg såg at solljoset strålaog at månen steig i sin glans,
27 då lét eg meg aldri dåratil å hylla dei med løynlege ¬kyss.
28 Nei, det hadde vore ¬ei misgjerningsom førte til straff;då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.
29 Har eg gledt meg ¬over min fiendes falleller jubla når ulukka råka han?
30 Eg lét aldri min munn ¬få synda såat eg forbanna han ¬og ynskte han døden.
31 Mitt husfolk kan sanneleg seia:«Fekk ikkje alle eta seg metteav kjøtet på hans bord?»
32 Og aldri laut ein framand liggjautfor mitt hus om natta;eg opna dørene for farande folk.
33 Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk,og gøymt mi skuld ved barmen,
34 av di eg var redd ¬for den store hopen,knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar,så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?
35 Gjev einkvan ville høyra ¬på meg!Sjå, her er mi underskrift– lat Den Allmektige ¬svara meg!Gjev eg hadde det skrivetsom min motpart har sett opp!
36 Då skulle eg ta det på aksla,setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!
37 Eg skulle svara han ¬for alle mine stegog møta han som ein fyrste.
38 Dersom min åker skrik ¬imot megog alle hans fòrer græt,
39 dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraftog gjort livet tungt ¬for dei som eig han,
40 så lat det veksa klunger ¬i staden for kveiteog ugras i staden for bygg!Her endar Jobs ord.