1 Då tok Job til ords og sa:
2 Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mannog støtta ein arm ¬som ikkje har styrke!
3 Du gav råd ¬til den som vanta visdom,og stort skjøn lét du han få.
4 Kven hjelpte deg til å finna ord,kven kjem ho ifrå,den ånda som går ut frå deg?
5 Daudingane skjelv av angst ¬der nede,vatnet og alt som held til i det.
6 Dødsriket ligg ope for Gud,undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.
7 Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna,hengt jorda opp ¬over det tome rom.
8 Vatnet sveiper han i skyer,og skylaget brest ikkje ¬under det.
9 Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstolnår han breier sine skyer ¬ut under den.
10 Han har drege opp ¬himmelranda over havet,der grensa går ¬mellom ljos og mørker.
11 Søylene under himmelen skjelv,lamslegne er dei når han trugar.
12 Han rørte opp havet ¬med si kraftog knuste Rahab i sin klokskap.
13 Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen.Med si hand ¬har han gjennomboraormen som rømer så raskt.
14 Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk;det er som å høyra ei kviskring.Kven kan då skjøna den torasom lyder når han gjer storverk?