1 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.
2 «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.
3 Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke.»
4 Men Satan svara: «Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet.
5 Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»
6 Då sa Herren til Satan: «Han er i di makt. Spar berre livet hans!»
7 Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.