6 Då sa Herren til Satan: «Han er i di makt. Spar berre livet hans!»
7 Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.
8 Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen.
9 Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!»
10 Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn.
11 Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han.
12 Medan dei endå var eit stykke borte, fekk dei auga på han; men dei kjende han ikkje att. Då sette dei i og gret, reiv sund kappene sine og kasta støv opp i lufta, så det fall ned over hovudet på dei.