3 Esla åt farlause driv dei bort,og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.
4 Fattige tvingar dei ut av vegen,dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.
5 Som villesel i øydemarkagår dei til arbeids.På aude moar ¬leitar dei etter mat;der må dei finna føde til borna.
6 Dei haustar fôr på markaog sankar den frukt som er leivdi vingarden åt dei vonde.
7 Halvnakne ligg dei ute ¬om natta,utan klede eller teppe i kulden.
8 På fjellet vert dei våte av regn;fordi dei ikkje har livd,trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.
9 Somme riv farlause born ¬frå brystetog tek pant av dei hjelpelause.