7 Ingen rovfugl kjenner vegen dit,den har inkje falkeauga sett.
8 Der har korkje stolte rovdyr gåtteller løveungar sett sin fot.
9 Folk legg hand ¬på den harde steinenog grev fjella om frå grunnen.
10 Når dei høgg ut gangar i berget,får dei auga ¬på alle slag dyre ting.
11 Dei demmer for dropet ¬frå vassåreneog hentar løynde skattar ¬fram i dagen.
12 Men visdomen, ¬kvar finst vel han,og vitet, ¬kvar har det sin bustad?
13 Ingen veit kva han er verd,han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.