3 Kven syter for føde til ramnennår ungane hans skrik til Gudog flaksar ikring utan mat?
4 Kjenner du tida ¬når steingeita kjear,aktar du på ¬når hindene har rier?
5 Tel du månadene ¬til dei skal bera,kjenner du tida ¬når dei skal føda?
6 Dei bøyer seg ned ¬og får sine ungar;så er dei ferdige med sine rier.
7 Ungane veks seg store og sterke ¬utpå marka,så spring dei bort ¬og kjem ikkje att.
8 Kven lèt villeselet renna fritt,kven har løyst det frå alle band?
9 Eg gav det moane til husog den salte øydemarka ¬til bustad.