14 Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste,har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige.
15 Mine brør har svikta ¬som ein bekk,som eit elvefar ¬der vatnet er borte.
16 Vatnet kan grumsast til av is,og snø kan blanda seg i det.
17 Men i turketida stilnar elva,når varmen kjem, kverv ho.
18 Karavanar tek ein annan veg,dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne.
19 Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn,ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det.
20 Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar;då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne.