16 Ei elskeleg kvinne vinn ære,dei strevsame ¬samlar seg rikdom.
17 Den som er velviljug, ¬har gagn av det,den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.
18 Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn,den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.
19 Strev etter rettferd gjev liv,jag etter vondskap ¬fører til døden.
20 Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik,men godhug for den ¬som er heil i si ferd.
21 Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff,men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.
22 Som ein gullring ¬i eit grisetryneer ei fager kvinne utan vit.