10 Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin,men dei gudlause ¬er harde i hugen.
11 Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett,tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting.
12 Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn,men dei rettferdige har fast rot.
13 Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut ¬or nauda.
14 Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,eit menneske får att ¬for det det har gjort.
15 Dåren held sin eigen veg ¬for den rette,men vis er den ¬som høyrer på råd.
16 Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen,klok er den som teier ¬når han vert krenkt.