2 Den som er god, ¬får nåde hjå Herren,men den som fer med svik, ¬vert dømd skuldig.
3 Med vondskap ¬står ingen støtt,men rota åt dei rettferdige ¬kan ingen rikka.
4 Dugande kone ¬er ei krone for mannen,duglaus kvinne ¬er som verk i hans bein.
5 Dei rettferdige tenkjer ¬på det som er rett,dei vonde ¬legg svikefulle planar.
6 Det dei gudlause talar, ¬er eit livsfarleg bakhald,dei ærlege vert berga ¬med det dei seier.
7 Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort,men husa åt dei rettferdige ¬står støtt.
8 Ein mann får ros ¬når han er klok,den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad.