3 Herrens augo er alle stader,dei vaker over vonde ¬og gode.
4 Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.
5 Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,klok er den ¬som aktar på refsing.
6 I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom;det den gudlause vinn, ¬går tapt.
7 Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap,men dårens hjarta er ikkje rett.
8 Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren,men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.
9 Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren,men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.