1 Son min, ta imot mine ord,og ta vare på mine bod,
2 så du vender øyra til visdomenog freistar å skjøna ¬med heile din hug.
3 Ja, berre kall på vitet,og rop etter skjøn ¬med høg røyst!
4 Leit etter det som var det sølv,grundig som når ein grev ¬etter skattar.
5 Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er,og vinna kjennskap til Gud.
6 For det er Herren ¬som gjev visdom,frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.
7 Han lèt dei ærlege ¬ha framgang,er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.