8 Han vernar dei stigar ¬der retten rår,og vaktar vegen ¬for sine trugne.
9 Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett,på rettvise og all god framferd.
10 For du skal få visdom i hjarta,og kunnskap ¬skal gjera deg glad.
11 Ettertanke skal vakta degog godt skjøn verna deg.
12 Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen,frå folk som fer ¬med rang tale,
13 frå dei som går bort ¬frå dei rette stigarog held seg til mørke vegar.
14 Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt,og fegnast over ¬det vonde og vrange.