3 Som svepe til hesten ¬og taum til eseleter ris til ryggen på dårar.
4 Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør,elles vert du sjølv som han.
5 Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap,så han ikkje vert vis ¬i eigne augo.
6 Den som sender bod ¬med ein dåre,høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd.
7 Slappe heng føtene ¬på den lame,så òg ordtak i munnen ¬på dårar.
8 Lik den som legg ein stein ¬i slyngja,er den som gjev ein dåre ære.
9 Som klungergrein ¬i handa på drukken manner ordtak i munnen på dårar.