1 Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei,den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.
2 Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar,men ein klok mann ¬kan styra lenge.
3 Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk,liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren,så det ikkje vert korn til brød.
4 Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause,den som held lova, ¬går til strid imot dei.
5 Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett,men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.
6 Betre å vera fattig ¬og heil i si ferdenn å vera rik ¬og gå krokvegar.