21 Det er ille å gjera skil på folk,ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.
22 Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom,og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.
23 Den som refser ein mann, ¬får sidan større takkenn den som fer med smiger.
24 Den som røvar ¬frå far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd,»han er jamgod ¬med drapsmenn.
25 Den havesjuke ¬valdar strid og trette,den som lit på Herren, trivst.
26 Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre,men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.
27 Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud,men den som ikkje ¬vil sjå nauda,får mykje forbanning over seg.