1 Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause,ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,
2 men har si glede i Herrens lovog grundar på hans lov dag og natt.
3 Han er lik eit tre planta ved rennande vatn.Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje.Alt han gjer, skal lukkast.
4 Slik er det ikkje med dei lovlause.Dei er lik agner som spreiest for vinden.
5 Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen,ingen syndarar i flokken av rettferdige.
6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige går,men vegen dei urettferdige går, fører vill.