Salmane 37 N11NN

1 Av David.Alef אBli ikkje sint på valdsmenn,misunn ikkje dei som gjer urett!

2 Som graset visnar dei fort,som grøne groen tørkar dei ut.Bet ב

3 Set di lit til Herren og gjer det gode.Bu i landet og ta vare på truskap!

4 Ha di lyst og glede i Herren,så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!Gimel ג

5 Legg din veg i Herrens hand!Set di lit til han, så grip han inn.

6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,din rett som høglys dag.Dalet ד

7 Ver still for Herren og vent på han!Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,den som set i verk vonde planar!He ה

8 Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!Bli ikkje arg, det fører til det vonde.

9 For valdsmenn skal ryddast ut,men dei som ventar på Herren, skal arva landet.Waw ו

10 Om ei lita stund er den lovlause borte.Ser du etter han der han var, er han ikkje der.

11 Men dei hjelpelause skal arva landetog gleda seg over varig fred.Zajin ז

12 Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdigeog skjer tenner mot han.

13 Herren ler av han,for han ser at hans dag skal koma.Het ח

14 Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.Dei vil fella den hjelpelause og fattige,slakta ned den som går på rett veg.

15 Sverdet skal råka deira eige hjarte,og bogane skal brytast sund.Tet ט

16 Det vesle den rettferdige eig,er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.

17 For armane på dei urettferdige skal brytast,men Herren held oppe dei rettferdige.Jod י

18 Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,deira arv skal vara til evig tid.

19 Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.Kaf כ

20 Men dei lovlause går til grunne. Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,dei kverv som røyk.Lamed ל

21 Den urettferdige låner og gjev ikkje att,den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.

22 Dei Herren velsignar, skal arva landet,dei han forbannar, skal ryddast ut.Mem מ

23 Herren gjer mannens steg fasteog gleder seg over hans veg.

24 Om han fell, går han ikkje over ende,for Herren held hans hand.Nun נ

25 Ung har eg vore, no er eg gammal,aldri har eg sett ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

26 Han er alltid miskunnsam og låner ut,hans born blir ei velsigning.Samek ס

27 Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,så skal du bu trygt for alltid.

28 For Herren elskar det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Ajin עDei blir haldne oppe til evig tid,men borna til dei urettferdige blir utrydda.

29 Dei rettferdige skal arva landetog alltid få bu i det.Pe פ

30 I munnen til den rettferdige er det visdom,hans tunge talar rett.

31 Guds lov er i hans hjarte.Hans fot skal aldri vakla.Tsade צ

32 Den urettferdige vaktar på den rettferdigeog prøver å ta hans liv.

33 Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges handog dømmer han ikkje skuldig i retten.Qof ק

34 Vent på Herren og hald deg til hans veg!Han lyfter deg opp så du arvar landet.Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.Resj ר

35 Eg såg ein lovlaus valdsmann.Han briska seg som ein frodig seder.

36 Sidan kom eg framom, då var han borte!Eg leita, han var ikkje å finna.Sjin ש

37 Legg merke til den heilhjarta!Sjå på den rettskafne!Det er framtid for den som skaper fred.

38 Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,dei lovlause får si framtid hoggen av.Taw ת

39 Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,han er deira vern i tider med trengsle.

40 Herren hjelper dei og friar dei ut.Han friar dei frå dei urettferdige og frelser dei,for dei søkjer tilflukt hos han.