1 Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.
2 Stor er Herrenog verdig lov og prisi vår Guds by, på hans heilage fjell.
3 Fagert og høgt,ei glede for heile jordaer Sion-fjellet lengst i nord,den store kongens by.
4 I byens borger gjev Gud seg til kjenne,han er vårt vern.
5 For kongane slo seg samanog drog fram i fylking.
6 Dei såg opp og vart skremde,dei rømde i redsle.
7 Redsle kom over dei så dei skalv,rier som hos ei fødande kvinne,
8 som når austavindknuser Tarsis-skip.
9 Det vi før høyrde, har vi no setti byen til Herren Sebaot,i byen til vår Gud.Gud held han oppe til evig tid. Sela
10 I ditt tempel, Gud,tenkjer vi på di miskunn.
11 Gud, der ditt namn er kjent,får du lovsong,heilt til endane av jorda.Di høgre hand er full av rettferd.
12 Sion-fjellet skal gleda segog Judas døtrer jublaover dine dommar.
13 Gå rundt Sion, gå heilt omkring,tel tårna i byen,
14 legg merke til vollane,gå gjennom borgene.Fortel så til den slekta som kjem:
15 Slik er Gud, vår Gud for evig.Han skal føra oss ut over døden.