1 Gud, hjelp meg til min rett.Før mi sak mot trulause folk!Fri meg frå menneskesom fer med svik og vondskap!
2 For du er mitt vern, Gud.Kvifor har du støytt meg bort?Kvifor må eg gå og sørgjamedan fienden plagar meg?
3 Send ditt lys og di sanning,lat dei leia megog føra meg til ditt heilage fjell,til dine bustader.
4 Så kan eg gå til Guds altar,til Gud, mi glede og min jubel,og syngja din pris til lyra, Gud, min Gud.
5 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,kvifor er du uroleg?Eg vil venta på Gud!Endå ein gong skal eg prisa han,min frelsar og min Gud.